onsdag 18. april 2012

Perle

"Du er ei perle." Ho kunne ha sagt "du er snill" eller "du er flink". Ord med tyding som har vorte sakte vaska ut med tida. Ho valgte å sei at eg er ei perle. Det gjev meg ei kjensle av å vera unik. Ei av få. Det kan eg leva med:)

fredag 9. mars 2012

Mitt skip er lasta med

Dei fleste kjenner denne leiken frå barndomen. Apekattar! Briller! Så kom den litt vanskelege C-en. Druer! Englar! Og så vidare til Åmer eller Åkere. Det fulgte lange diskusjonar om kva ord som eigentleg var lov.

Akkurat no er mitt skip lasta med Kjærleik. Kjærleik til min herlege gut på 2,5 år. Men skipet mitt er òg lasta med Bekymringar og Gjeremål. Det er marinert i Yoghurt, Prim og Havregraut. Kaptein Sabeltann, Langemann og Pinky er med. Skipet seglar i roleg farvatn i den eine augneblinken, og i bråttsjø den neste. Då er det godt å kunne gå tilbake til trygg havn når det stormar som verst.

For størst av alt er Kjærleiken.

søndag 22. januar 2012

Brått

I stova sit ho
Som vaknar i det andre går og legg seg
Natta er meint for å falla til ro
Men den kan gjera sterkare all uro
Tenkjer ho

Kva er du redd for?
Fryktar du livet skal vera for lett?
Heiter det i songen
For å kjenne på at alt er godt kjennes farleg

Den kjem så brått
Denne natta



søndag 6. november 2011

God natt, store venn

Når ein delar ein felles hobby treng ein ikkje vite så mykje om kvarandre. Om kven ein er, kva ein har gjort og korleis ein har det. Vi møtest, spelar, småpratar over ein kopp kaffi, ler av felles opplevingar og spelar vidare. Så pakkar vi saman, går kvart til vårt, og møtest igjen veka etter. Innimellom vert det likevel delt små glimt av andre sin kvardag. Eg skal vera den første til å skriva under på at eg grublar over mine eigne bekymringar. Difor vert eg så audmjuk når eg får opna augo for kva andre må stå i. Kva deira liv rommar av bekymringar. Som at dottera på 13 år har kreft. Som dei to som har bestemt seg for å gå kvart til sitt.

Det gjer ikkje mine ting mindre viktige, men det minner meg på å vera takksam for dei tinga som er bra i livet mitt. I tillegg minner det meg om den gode vaksengodnattsongen til Anne Margrethe Lund:

Hvil deg nå, la alle tanker fare
La nattens lune fred
Få roe deg helt ned
Du har tenkt og nedlagt mye arbeid
Og ingen andre vet
Om din utholdenhet

fredag 4. november 2011

Samvit

Kanskje eg skulle parkera der det passa meg - fordi det er nærare enn parkeringa rett bortanfor. Eller leggja frå meg vara i butikken - akkurat der eg stod då eg kom på at eg ikkje skulle ha den likevel, og uten tanke for at den høyrer heime i kjøledisken. Kanskje eg skulle lata som eg ikkje såg då dei andre rydda lokalet klar til øving. Eller oversjå "gjennomkøyring forbudt"-skiltet i skulevegen for å sleppa nokre hundre meter med omveg. Alternativt kunne eg hoppa fram frå bakerst i køen når kassedama opna ei ny kasse på matbutikken. Dei siste skal trass alt bli dei første. Eg undrar på kor mykje tid dei som manglar samvit sparar?

mandag 27. juni 2011

Logisk deduksjon

"By the process of logical deduction, you must be the killer", skal ein logikkprofessor ha sagt til Bergerac. Sant nok, med alle morda som skjedde i den vesle bygda var det snart ikkje fleire igjen. Logisk deduksjon er kanskje ikkje noko vi tenker på sånn dagleg, men vi held alle på med det.

I går satt vesle E på fanget til pappan og såg video av familien. Besta, besten og oldebesta var representert. Litt seinare på dagen satt han i sandkassa då ein gråhåra mann gjekk forbi:
- Betten!
- Nei, det er nok ikkje Besten det, seie mamman og kryssar fingrane for at det følgde redusert hørsel med det grå håret.
Ein kort tenkepause før vesle E lyser opp igjen:
- Ollebetten!

tirsdag 14. juni 2011

Forglemmegei


I dag er min siste dag på gamlejobben. I morgon byrjar nye utfordringar ein annan stad. Valget har eg teke heilt sjølv. Likevel kjenner eg det djupt i magen. Hjelp! Korleis kan eg forlata alle dei gode kollegaene mine? Det gode fellesskapet på laben? Med eitt er eg som den vesle jenta ved porten til Skimmeland skule ein vårdag på 80-talet. Håret var møysommeleg fletta dagen før for å bli "kreppa" til den store dagen. Eg visste at ting kom til å endra seg, men eg visste ikkje korleis det skulle bli.

I dag har eg lyst å ropa høgt: Gløym meg ikkje! Men eg lar dei små, blå blomane snakka for meg:
Forglem
meg
ei.