torsdag 31. juli 2008

Apropos

Når det gjeld overgong frå leilighet til hus med hage, så kan det varmt anbefalast. Dog er det nokre ting ein då må hugsa å erverva seg (som er lett å gløyme). Graskløppar til dømes. Sjølv om hunden me har på lån et gras til den store gullmedalja, ser det ut til at graset når stadig nye høgder. No begynner det nesten å bli litt flaut. Så i går begynte me runden. "Er det stor plen?". -Ja, jo, det er jo det. "Er det kupert?" -Ja, jo det er vel det og. Faktisk ganske bratt til tider. "Ja då må de ha ein brei ein, med drivkraft på bakhjula, og helst med bioklipp og sideutkast og så kan det vera greit å ha easy start funksjon".
Puh! Så mykje å ta stilling til, så lita tid, så lite kunnskap og så lite engasjert.

I morgon ryke den

Då er det farvel med leiligheten i Bergen for godt. Solgt til høgstbydande (det er eigentleg eit relativt begrep gitt). Takk for fine stunder, for at du låg så nært sentrum og for at du var så lettstelt. Eg kjem til å sakna deg sjølv om eg er glad eg er kvitt deg.

mandag 28. juli 2008

Milde måne!

Og sterke sol! Så solbrent, så solbrent. I går etter ein lang slauredag i sola såg eg ut som sprøstekt bacon på bringa. Det har gitt seg til i dag, men underarmane er no begynt å svi og klø som besatt. Eg sit med aloe veraen på kontoret og dynger på. Men det var verdt det. Mange badeturar, tre i tallet, og god grillmat med bær og is til dessert. Lykke!

tirsdag 22. juli 2008

Gufs frå fortida

Eg har alltid vore fascinert over korleis minner og lukt er knytta saman. I dag fekk eg eit lite "gufs" frå fortida då eg skulle retta ei feilskriving i ein perm. Eg har nemleg arva diverse rekvisita frå ho eg har overteke kontoret etter. Deriblant ei flaske korrekturlakk. Og då eg opna flaska og denne umiskjennelege lukta strøyma gjennom nasebora, kom det samstundes ei drøss med minne frå ungdomskulen. Nærare bestemt frå stilskriving, eller endå nærare bestemt; innføring. Den gong hadde eg nydeleg, sirleg minihandskrift. Akk ja. Universitetstida kom og estetikken måtte fint vike for effektiviteten.

onsdag 16. juli 2008

Berre blåbær


Kvar kjem eigentleg dette uttrykket frå? "Berre blåbær"? Er det så enkelt? Eg kan tenkja meg mange andre bær som er atskilleg lettare. Rips for eksempel. Det kan ein plukka ei heil bøtte av på ein liten time. Og jordbær er mykje større; ergo lettare å få kvantum av. Blåbær derimot, er ein møysommeleg affære. Enten kan ein plukka dei ein og ein, som tek laaang tid. Eller ein kan ta bærplukkar og renska når ein kjem inn - noko som og tek laaang tid. Ikkje så enkelt med andre ord. Då er det fint å ha svigerinner som er effektive. Og nieser som ordnar seg sjølv;)

tirsdag 15. juli 2008

Klageforum

I dag er ein av dei dagane når alt er tungt. Kroppen vil ikkje, nakken er vond og hovudet tungt. Energien fråværande. Kom heim frå jobb og sovna strak ut på senga og vakna to timar seinare. Ugg. Difor har eg oppretta eit aldri så lite klageforum for anledningen. Ei venninne og eg hadde det i eksamensperiodane tidlegare, og eg synes det var ein fin tradisjon. Få det ut! Eg har hatt ein kjip dag. Herved er stafettpinnen levert vidare, og mitt hjarta lettare. I morgon skal bli ein betre dag.

onsdag 9. juli 2008

Ein engel i blant oss?

Same tid kvar kveld. Presis som sola. Eit lite bustete tryne som kikkar inn glaset på terrassedøra. "Skal eg ikkje få litt kos kanskje?" Eg er ikkje sikker på kven som synes det er kjekkast. Katten som får kos eller eg som får klappa den. Desse korte stundene på terrassen er iallefall som balsam for sjela.

På hytta

...og då snakkar eg ikkje om til helga, då eg faktisk skal på hytta, men her og no. I går kom spikeren i kista for håp om parabol. Mistanken meldte seg då antenna vart hengt opp for nokre dagar sidan, uten hell på tv-signalfronten. Montør kunne berre bekrefta det me hadde funne ut. Høge grantre retning sør er ikkje så veldig gunstig. Gode nyheter for RiksTV, dårlege nyheter for oss. Men kva har hytta med dette å gjera? Jo, eg sit dermed i eit hus (på landet) utan tv og utan internett (antiheia til Telenor Mobilt bredbånd). Så med alt dyrelivet blir det litt hyttefølelsen.

For å sjå positivt på det; eg hadde vel neppe fått rydda så mykje dersom eg hadde tv og internett. Men eg må innrømma at eg gledar meg til helga, då eg skal på den verkelege hytta og treffa svigerfamilien og vesle Stansemor.

søndag 6. juli 2008

Som bestilt

Her er bilete til nysgjerrige sjeler. Berre to foreløpig, men fleire følgjer så snart det er meir enn pappesker å ta bilete av i dei andre romma...

Kjøkkenet, nytt i 2007, er frå Ikea (Liljestad). Herleg med takhøge skap som rommar alle bryllupsgåver og duppedingsar. Kjøkkenbordet er det einaste nye møbelet i huset; Fusion frå Ikea. Morsomme gardiner måtte til etter 4 månader i nøytrale visningsvennlege fargar i Bergen. Me har her juksa litt og hengt dei langt over vindaugene slik at dei ser mykje større ut enn dei er:D. Også den deilige (?) lampen då.





Hovudsoverommet er ein blå oase. Mogeleg at me tek same trikset med liftgardin her og på sikt.

fredag 4. juli 2008

Advarsel: Cappuccinodryss

eller Cappuccino dryss som det ofte blir kalla i Norge, men orddeling (ord deling) er ikkje tema i dette innlegget. Innlegget gjeld imidlertid tolkninga av bruken av cappuccinodryss her på Haugalandet. Ein skulle tru at det ligg litt i ordet; cappuccinoDRYSS. Ganske beskrivande vil eg seia. Men her i byen er det ikkje så enkelt tydelegvis. Mengdene er så langt frå "dryss" som ein kan koma. Så her kjem første advarsel til dei som måtte drista seg ned te sildabyen: Spørsmålet "Vil du ha cappuccinodryss på?" bør besvarast med "Nei takk"!

torsdag 3. juli 2008

Forelskelsen

Apropos kjøkken har eg lagt augene mine på denne herlege lampen:
Det er noko ved den som gjer meg glad. Navnet? Fargane? Enkelheten? Aller helst ville eg hatt den i mørk lilla. Var og såg på den på Illeums på tirsdag. Blir rett og slett i godt humør. Men er godt humør verdt 1500 kr? Og kan eg finna ein annan lampe som gjev same effekt på sinnstemninga i ein annan prisklasse? Tida vil visa. I mellomtida drøymer eg om mi eiga blomepotte :)

Living in a box

16 Ikea flyttläda, ørtifnørti banankassar og like mange diverse ukurante innpakningsenhetar. Kvar hadde me egentleg alle desse tinga før?
Kjøkkenet er så og seia i boks (eller i skap rettare sagt). Sjølve prikken over ien var klar i går; eit 2 m høgt kombiskap i stål med vanndispenser. Yngve er storbegeistra, eg er meir oppteken av alt som kan få plass inni.

onsdag 2. juli 2008

Ny by. Nye mulighetar.

Den siste veka har vore ei sær oppleving. Forlot mitt gamle liv i Bergen, med blokkleilighet, korps, vener og hektisk forskarjobb. No er det hus, sauer på alle kantar, hest i hagen, traktorveg til labjobben, og masse natur på alle kantar. Og Yngve. Alt er nytt og merkeleg.