søndag 31. august 2008

Dei enkle tinga

Det skal ikkje så mykje til. Det var konklusjonen til fleire samlivsekspertar når dei vart spurde om kva dei satte pris på hos ektefellen sin. At ein gjer noko lite, men uventa, for kvarandre gjekk igjen i svara. For meg treng det ikkje vera meir enn at mannen min kjøper økologiske egg. Trass i at han ikkje synes det er naudsynt, og at ein kan spara pengar på å la vera. Berre fordi han veit at det betyr noko for meg.
Det skal ikkje så mykje til.

torsdag 21. august 2008

891 m.o.h.

Fagre Stryn. Vilt og vakkert. Min debut som fjellgåar. Fløyen og Siggjo er ikkje heilt det same. 4 t inn og 3 t tilbake, akkurat som boka sa. Eg er med andre ord ein standard "Opptur"-gåar. Først traktorveg til første setra, så flate bakkar og ei lita høgde før neste seter, så innover morenelandskap eit godt stykke. Heilt flatt med låge bjørketre. Så begynte landskapet de ser på biletet; bare berg, store steinar og ur. Me kom oss nesten (!) inn til breen, men så vart det litt for ulendt og bratt. Eg er no stolt likevel. Er ikkje berre berre for ein stakkars Bømling å vera gift med ei fjellgeit av ein mann.

tirsdag 19. august 2008

Farmorfølelsen


Eg har nytta ferien til å opparbeida nokon husmorpoeng. Lappar, eller sveler som dei seier her i Sogn og Fjordane (og på Fjord1-ferjene), er sterkt undervurdert. Litt lunkne med syltetøy, smørkrem eller brunost. Eller aller helst utan noko, rett frå takka, så varme at ein knapt kan ta i dei. Mmmmmm:)

onsdag 13. august 2008

Feil fot

Stod eg opp med den andre foten først i dag? Noko må det jo vera, for dagen har på ingen måte smilt til meg. Begynte med å få vite at artikkelen me har sendt inn har blitt avvist av tidsskiftet for andre gong. Sjølv om dette er uendeleg vanleg, så kan ein jo ikkje la vera å bli skuffa. Så fann eg ut at eg gjorde ein feil på jobb i går som gjer at det som skulle vera ferdig på fredag (lova dyrt og hellig, gjort ekstraordinært nettopp for å få det ferdig), må gjerast om igjen og dermed går det 3 dagar ekstra. Alltid kjekt å sei sånt til sjefen, og ekstra kjekt når ein er ny, sjølv om sjefen er aldri så grei.
I morgon prøver eg med rette foten igjen.

tirsdag 12. august 2008

Ferdig!

Ei merkeleg, finurleg, men kjempegod bok. Den passar ikkje i nokon kategori. Verken krim eller kjærleiksroman (eller; litt av begge delar, samt mykje mykje meir). Ingen forklaring vil kunna få deg til å skjøna korleis boka er før du les den. I går gjorde eg ikkje anna enn å lesa. Og eg var heilt utmatta etterpå. Det er slik det skal vera. Plutseleg vart det så spanande at eg ikkje klarte å leggja den frå meg. Tippar svigerinna mi undrar seg litt no; eg var på nippen til å gje opp heile boka for nokre veker sidan. Vegde for og imot. Men for ei belønning for at eg ikkje gav opp:) Ah!

søndag 10. august 2008

Shopping

er ikkje det det ein gong var. H&M og Lindex er bytta ut med bobompibom Byggmakker; Accessorize og anna dill med Coop Obs! Bygg. Nye, smarte moteplagg må vika for fugemasse, graskløppar, ny antenne, stige (!) og mykje anna. Det tek aldri slutt. Valgmulighetane er alt for mange. Vanleg silikon eller våtromssilikon? Grå, beige, kvit eller blank? Og når ein endeleg har funne det ein skal ha, må ein finna utstyret ein treng for å bruka det. Sukk.
Så då storesøstero kom på besøk forrige veke og skulle på shopping var eg lett å be. Det vart kjøpt 3 par øyredobbar, ein hårklave og ein ring. Mascara, pudderbørste med glitter, kajal, augeskugge og eit par øyredobbar til. Har eg gløymt noko no? Eg føler meg iallefall som ei kvinne igjen, og søsta ser strålande ut!

fredag 8. august 2008

Dagens hint

No har eg endra innstillingane slik at det er enklare å leggja inn kommentarar. Ikkje noko press, men heller ingen hindring;)

torsdag 7. august 2008

Nedtelling

Berre seks arbeidsdagar til, så er det etterlengta ferie! Kjenner på kroppen og motivasjonen at det blir godt med ein pause. Det blir økonomiferie i Norge i sommar, men me gledar oss til å besøkja svigers. Og tante E og Tussi - den egentlege sjefen der oppe - sjølvklart:) Eg har planar om å slanga meg i den deilige bakhagen deira og lesa bok og slappa av. Kanskje ein is i ny og ne?

tirsdag 5. august 2008

Helene harefrøken

På veg til jobb i dag var ho brått der. Sommarbrun og lodden. Alle tankar om at det var tungt å stå opp i dag forsvann som dugg for sola. Frå før av har eg Kalle, som muntrar meg opp medan eg parkerar sykkelen på jobb. Han har budd på parkeringa i litt over eitt år og er alles kjæledegge. Helene derimot - den opplevinga får eg ha heilt for meg sjølv.

søndag 3. august 2008

Scener frå bondelandet

Her er lesekroken. Rekvisittane er ein gamal lenestol som far min har arva ein gong, store gode puter, mykje herleg lys frå vindaugene og honningkrukker med telys. Og til vinteren: ein stor kopp te sjølvsagt. No er det "Utvalgte emner i katastrofefysikk" av Marisha Pessl som gjeld. Tek gjerne imot tips til kva som bør bli neste leseprosjekt:)


Badet er no på plass. Matt folie på vindauga (genial sak), Molger møblement frå Ikea og aloevera-kaktus. Me kjem nok til å gjera noko med badet ganske snart, då det manglar skikkeleg utlufting, har gamle plater med mykje småhol (uvisst om det er vanntett) og er knøttlite.

Det var det av bilete frå huset i denne omgong. De må nok koma på besøk for å sjå resten er eg redd:P

Me lar oss ikkje stoppa

over at denne byen ikkje har sushirestaurant. Coop Obs! frista med sushi "kit" der alt du treng er med. Kjempegodt! Råvarene var supre, og det er jo det viktigaste når det gjeld sushi. På toppen av dette var det jo kjekt å laga til, og det fulgte "sushi for dummies"-oppskrift med - supert for oss som ikkje har laga sjølv før. Kanskje neste gong kan me drista oss til å laga heilt frå botn av?