tirsdag 30. september 2008

Tea lady

No er hausten komen. Lauva fell frå trea med fargeprakt som berre Gud kan ha skapt. Då er det fram med teen for min del. Nyaste innkjøpet er denne teen frå "pukka" med rose, kamomille og lavendel. Eg blir avslappa berre eg tenkjer på å drikka ein stor herleg kopp. I dag tok eg med meg ein pose på jobb og sit og skuar ut over sundet frå kontorvindauga medan eg slurpar. I kveld blir det fram med teppet og stearinlysa. Det er no fint med haust og:)

torsdag 25. september 2008

Kreativt

Kreaktivitet kjem i mange former. Eller kan brukast til så mangt. Som denne karen her: http://www.h-avis.no/article/20080925/NYHETER/286208159/1058/AKTUELT

tirsdag 16. september 2008

Vaksen!?

Det er slike augneblikk då ein innser at ein er vaksen. Eg tenkjer ikkje på då eg innsåg at eg har både hus og bil (og lån). Eg tenkjer heller ikkje på då bestevenninna eg har kjent sidan eg var 16 vart mamma i helga (gratulerar med bebisen!). Ei heller tenkjer eg på dei mange gongane eg har blitt spurt om eg enten er gravid eller skal ha born snart. Sjølv om det hjelper på vaksenkjensla sjølvsagt. Nei, eg tenkjer på dei mange små augeblikka. Som då eg vart invitert på Tupperware-party for første gong. Eller første turen til fotpleiar, eller første gongen eg fekk kjøpa vin utan å visa leg. Jaja, eg får sei som mamma pleide å svara då eg synes at skoa ho kjøpte var litt "kånete": -Ja, men eg er jo ei kona!
Så lenge eg aldri vert heilt vaksen inni meg så er det vel greit;)

tirsdag 9. september 2008

Sykkelfantomet

Det vart for langt å gå, så då måtte den stakkars gamle sykkelen ut av kjellaren. Og eg måtte begynna å sykla igjen. Eg hadde nemleg ikkje sutte på ein sykkel på to år. Eg tok skrekken etter hekseskuddet eg fekk på ein heilt spesiell tur som involvererte forsoving og tannlegetime. Det er vel ikkje anna å venta når ein syklar frå øverst i Sandviken til Bystasjonen på 4 min med utrent skrott. No er eg i gong igjen, og det føles bra. Eg sparar tid, får gratis trim og VELDIG god samvittighet:D

onsdag 3. september 2008

Djupt såra og vonbroten

Kalle er fornærma. -Det går jo ikkje an å berre forlata meg i to heile veker utan varsel, og så venta at eg skal gje deg same oppmerksomhet når du kjem tilbake!
Eg ser snurten av han, og det er nettopp det han er; snurt. Undrar meg på kva tid han skal tilgje meg?

Tut og kjør

I går var eg på mi første korpsøving i nyebyen. Opplevinga var vel som Team Antonsen ville ha sagt det: korps(kropps)øving på lavt nivå. Men gudane skal vita at eg visste kva eg gjekk til. Dei hadde ord som "værforbehold", "kanskje" og "muligens" på sesongplanen. I tillegg møtte eg tidlegare ein annan spelande haugalending som gav denne karakteristikken av korpset: "ja dei er kjekke dei". Og det var nettopp det eg tenkte etter øvinga i går. Kjekke folk og kjekt å spela igjen:)