torsdag 30. oktober 2008
Fly me to the moon
Temperatur og vèrforhold siste veka: 25-28 grader og sol. Om to små dagar reiser me på ei vekes ferie til Tunisia. Det blir så herleg, så herleg. Og før det skal me innom sørlandsbyen og treffa den nesten nye bebisen med det veldig fine navnet. I går fiksa min flinke handyman dekkskiftet, så no er det berre til å susa avgårde. So long everybody! No kan regnet berre øse ned her heime :p
lørdag 25. oktober 2008
torsdag 23. oktober 2008
Blonde øyeblikk
Eg høyrte om ei som snakka om blonde øyeblikk ein gong. Dette uttrykket passar titt og ofte på ting eg presterer. I dag til dømes; eg kunne ikkje fatta kvifor pc-en ikkje funka. Eg rista på musa og trykte på skjermen. Etter 5 min med diverse prøving gjekk det opp for meg: laptopen låg fortsatt i pc-veska. Det var med andre ord ingen pc i dockingstasjonen. Eg er berre sjeleglad at eg ikkje ringte IT-avdelinga. Slike blonde øyeblikk er i grunnen greit å ha forbeholdt dei næraste.
onsdag 22. oktober 2008
Spenning i kvardagen
Hausten er verkeleg tida for skiftande vér! Frå hagl og kuling til strålande sol og blå himmel. Eller omvendt. Ein veit aldri kva ein kan venta når ein går ut døra, og må vera forebudd på det meste reint klesmessig. Men så er det den perioden i overgongen til dette ustabile véret. Om sommaren blir vi vant til å kikke ut vinduet og det vil gje oss ein peikepinn på korleis vi skal kle oss den dagen. Å gjera det same no i oktober kan fort gå gale.
torsdag 2. oktober 2008
O helga natt
På veg til kassen i butikken i går gjekk eg forbi eit stort stativ med julemarsipan. Her har du som lesar kanskje reagert allereie. Iallefall nokre av dykk. "Å", tenkte eg, "det er sikkert sånn som er på tilbud - sånn som dei har igjen etter jul". Så gjekk det opp for meg; nei, dette er årets julevarer. Mogeleg at eg er på bærtur, som ikkje har komt meg over påske mentalt sett, men butikkane har jo gått bananas. Julemarsipan 1. oktober?!?
No har eg rekna meg fram til at med etterjulsal og dette "førjuls"-salet så er julemarsipan tilgjengeleg i butikkane fire månader i året. 4/12=3. Vi har altså julemarsipan ein tredjedel av året. Kva er då så spesielt med det?
No har eg rekna meg fram til at med etterjulsal og dette "førjuls"-salet så er julemarsipan tilgjengeleg i butikkane fire månader i året. 4/12=3. Vi har altså julemarsipan ein tredjedel av året. Kva er då så spesielt med det?
Abonner på:
Kommentarer (Atom)