lørdag 29. november 2008

Vidunderet

Eg har vore ei skikkeleg kaffikjerring dei siste åra. Ikkje dei store mengdene, men totalt avhengig. Då eg byrja å jobba før fuglane står opp om morgonen fekk i tillegg denne vanen ein ganske viktig funksjon. No tok avhengigheten brått slutt i Tunisia der kaffien smakte så dårleg at sjølv ei innbarka kaffikjerring frå Norge, oppvokst på sur traktekaffi, måtte gje tapt. Forrige veke investerte me like godt i ein skikkeleg herlegdom. Under slagordet "Nespresso, what else?" er denne ein kaffielskar sin store draum. "Så godt, så enkelt" kunne like gjerne vore slagordet (om ikkje Fjordland hadde kome på det først såklart).

fredag 21. november 2008

Tiddelibom

Det lavar ned. Eg måtte til med kosting og skraping av bil i dagmorges. Men det er verdt det; det er jo så nydeleg! Julestemninga er iallefall på plass. Advent, med lys i vindauga og lilla dukar, er rett rundt hjørnet. Eg gledar meg.
I år skal jula feirast på Bømlo med mamma og storesøstero som får si første jul etter ho flytta heimefrå. Og Tiger sjølvsagt:) Det blir graut og pinnekjøtt med eller utan lefser. Pinnekjøttwrap er tradisjon hos svigers, så spørs om mannen kan leva utan.

tirsdag 4. november 2008

Reisebrev

Det gaar paa fransk. Som vi ikkje forstaar eit ord av. Har laert oss bon jour forresten. Men dei er ikkje saa verst i tysk heller, saa vi faar friska opp den litt. Ogsaa er dei veldig god paa "special price for you my friend". Ellers gaar det i bading og eting. Siden dette er eit tulletastatur blir dette alt for denne gong.