fredag 16. januar 2009
Då er vi i gong
Vi har tenkt å gjera vår del for å motvirka finanskrisa. Den neste månaden skal vi difor sponsa både snekker, murar, rørleggjar og elektrikar med relativt store summar. I går rydda vi ut av gongen, og då kom den gode kjensla av å vera i gong. Mandag går endeleg startskot med demontering og riving på badet. Om ein månad og to har vi etter planen eit nytt, herleg, flislagt bad.
onsdag 7. januar 2009
Bedre og bedre dag for dag
Har du spelt i korps, bannar du kanskje høgt ved synet av denne overskrifta? Samt sender meg ein ond tanke kvar einaste gong denne deilige marsjen dukkar opp igjen i tankane utover dagen? Men du kan trygt lesa vidare. Eg tenkjer på at det no går mot lysare tider. 21. desember snudde sola. Det kjennes ut som om eg har vore i dvale sidan midten av november. Eg hugsar mine utanlandske kollegaer:
-It's so hard, I don't know how you do it - every year!
Vi veit jo ikkje om noko anna. Det har alltid vore slik. Og våren blir desto herlegare, når dagane blir lengre og lengre og energien sakte kjem tilbake i takt med lyset. Men eg kunne gjerne vore ein bjørn - og hoppa bukk over vinteren, iallefall hausten.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)