lørdag 21. mai 2011

Studenttilværelse

Eg blir ofte overvelda over alt ansvaret ein har som vaksen. Kvardagslogistikk, barn, hus, hage, jobb, økonomi. Lista er lang. Og vaksne er vi. Det må vi vel berre innrømma etterkvart. Men på eit punkt beveger vi oss nedover på vaksenskalaen. Då vi flytta hadde vi med oss eit IKEA-bord til 149 kr. Dette vaklevorne bordet, som ikkje kunne flyttast på uten å falla saman, fungerte på sitt vis som stovebord til det vart for farleg for minstemann. I mangel på alternativ i huset, og med manglande vilje til å betale prisen for eit bord vi verkeleg likte, blei ein trebenk plassert ved sofaen i staden. Trebenken har no erstatta stellebord på badet, og framfor sofaen blei det tomt. Difor velger eg no å setja kaffikoppen frå meg på strykebordet som fortsatt står framme etter 17. mai. Man taver hva man haver. Og det hjelper på vaksenkjensla. Så får det heller vera at vi kosar oss med Twist på laurdagskvelden.