søndag 6. november 2011

God natt, store venn

Når ein delar ein felles hobby treng ein ikkje vite så mykje om kvarandre. Om kven ein er, kva ein har gjort og korleis ein har det. Vi møtest, spelar, småpratar over ein kopp kaffi, ler av felles opplevingar og spelar vidare. Så pakkar vi saman, går kvart til vårt, og møtest igjen veka etter. Innimellom vert det likevel delt små glimt av andre sin kvardag. Eg skal vera den første til å skriva under på at eg grublar over mine eigne bekymringar. Difor vert eg så audmjuk når eg får opna augo for kva andre må stå i. Kva deira liv rommar av bekymringar. Som at dottera på 13 år har kreft. Som dei to som har bestemt seg for å gå kvart til sitt.

Det gjer ikkje mine ting mindre viktige, men det minner meg på å vera takksam for dei tinga som er bra i livet mitt. I tillegg minner det meg om den gode vaksengodnattsongen til Anne Margrethe Lund:

Hvil deg nå, la alle tanker fare
La nattens lune fred
Få roe deg helt ned
Du har tenkt og nedlagt mye arbeid
Og ingen andre vet
Om din utholdenhet

fredag 4. november 2011

Samvit

Kanskje eg skulle parkera der det passa meg - fordi det er nærare enn parkeringa rett bortanfor. Eller leggja frå meg vara i butikken - akkurat der eg stod då eg kom på at eg ikkje skulle ha den likevel, og uten tanke for at den høyrer heime i kjøledisken. Kanskje eg skulle lata som eg ikkje såg då dei andre rydda lokalet klar til øving. Eller oversjå "gjennomkøyring forbudt"-skiltet i skulevegen for å sleppa nokre hundre meter med omveg. Alternativt kunne eg hoppa fram frå bakerst i køen når kassedama opna ei ny kasse på matbutikken. Dei siste skal trass alt bli dei første. Eg undrar på kor mykje tid dei som manglar samvit sparar?