onsdag 16. juli 2008

Berre blåbær


Kvar kjem eigentleg dette uttrykket frå? "Berre blåbær"? Er det så enkelt? Eg kan tenkja meg mange andre bær som er atskilleg lettare. Rips for eksempel. Det kan ein plukka ei heil bøtte av på ein liten time. Og jordbær er mykje større; ergo lettare å få kvantum av. Blåbær derimot, er ein møysommeleg affære. Enten kan ein plukka dei ein og ein, som tek laaang tid. Eller ein kan ta bærplukkar og renska når ein kjem inn - noko som og tek laaang tid. Ikkje så enkelt med andre ord. Då er det fint å ha svigerinner som er effektive. Og nieser som ordnar seg sjølv;)

2 kommentarer:

Stine Ursin sa...

Så fint bildet var!!

Trittin sa...

Ja sant:) Ho var veldig flink å plukka. No er eg begynt å høsta inn i hagen. Har laga 2 blåbærpaiar (Mmmmm!). Eller blåbærterter er vel rette benevninga. Dei blir kjempegode når ein har friske bær.