torsdag 21. august 2008

891 m.o.h.

Fagre Stryn. Vilt og vakkert. Min debut som fjellgåar. Fløyen og Siggjo er ikkje heilt det same. 4 t inn og 3 t tilbake, akkurat som boka sa. Eg er med andre ord ein standard "Opptur"-gåar. Først traktorveg til første setra, så flate bakkar og ei lita høgde før neste seter, så innover morenelandskap eit godt stykke. Heilt flatt med låge bjørketre. Så begynte landskapet de ser på biletet; bare berg, store steinar og ur. Me kom oss nesten (!) inn til breen, men så vart det litt for ulendt og bratt. Eg er no stolt likevel. Er ikkje berre berre for ein stakkars Bømling å vera gift med ei fjellgeit av ein mann.

4 kommentarer:

frøken fryd sa...

Jeg tar deg snart igjen på antall blogger nå. :D Hah. Du har nok en indre fjellgeit et sted, du også...

Anonym sa...

BUKKERITTET I STRYN!!!
Me skal nok få fjellgeitå te å ønskja seg tebakers te stresslessen itte ein dag med geitå som laushund under hjortejaktå på Goddo.
(sjøl om han meina at enkelte i jaktlaget er i eldste laget....)

Anonym sa...

Så flink du var, og så flott det er! Eg får fjell-lengsel.
(Eg ser det ligg ei orddeling der, men eg visste liksom ikkje heilt korleis løysa det med fjell og lengsel) :)

Trittin sa...

du er til gjeven.
knis;)