Stod eg opp med den andre foten først i dag? Noko må det jo vera, for dagen har på ingen måte smilt til meg. Begynte med å få vite at artikkelen me har sendt inn har blitt avvist av tidsskiftet for andre gong. Sjølv om dette er uendeleg vanleg, så kan ein jo ikkje la vera å bli skuffa. Så fann eg ut at eg gjorde ein feil på jobb i går som gjer at det som skulle vera ferdig på fredag (lova dyrt og hellig, gjort ekstraordinært nettopp for å få det ferdig), må gjerast om igjen og dermed går det 3 dagar ekstra. Alltid kjekt å sei sånt til sjefen, og ekstra kjekt når ein er ny, sjølv om sjefen er aldri så grei.
I morgon prøver eg med rette foten igjen.
4 kommentarer:
Men så kom du no med på reiseradioen idag då:)
Ja, fordi eg brukar feil hand - tihi;) Dagen tok seg litt opp då. Det beste var jo at radioverten vart litt satt ut då han måtte lesa nynorsk. Festleg!
Reiseradioen?
Hva har jeg gått glipp av? :-D
Dei hadde reportasje om venstrehendte, ting som var vanskeleg for oss. Så sendte eg inn om kakespader, så blei mailen lest opp og dei var i ein butikk og fann kakespader for venstrehendte: www.lefthandshop.no ;)
Legg inn en kommentar