er ikkje det det ein gong var. H&M og Lindex er bytta ut med bobompibom Byggmakker; Accessorize og anna dill med Coop Obs! Bygg. Nye, smarte moteplagg må vika for fugemasse, graskløppar, ny antenne, stige (!) og mykje anna. Det tek aldri slutt. Valgmulighetane er alt for mange. Vanleg silikon eller våtromssilikon? Grå, beige, kvit eller blank? Og når ein endeleg har funne det ein skal ha, må ein finna utstyret ein treng for å bruka det. Sukk.
Så då storesøstero kom på besøk forrige veke og skulle på shopping var eg lett å be. Det vart kjøpt 3 par øyredobbar, ein hårklave og ein ring. Mascara, pudderbørste med glitter, kajal, augeskugge og eit par øyredobbar til. Har eg gløymt noko no? Eg føler meg iallefall som ei kvinne igjen, og søsta ser strålande ut!
5 kommentarer:
Kvinnelighet er bra! Den må definitivt lures ut av skallet sånn av og til, og med stiger inne i bildet er det jo temmelig forståelig. Jeg foreslår en jente/kvinnehelg - før jul, helst :-)
Jaaa:D Dolling og jentefilm?
Og is.
Rett frå boksen (sånn rund boks) med skjei :D Eller er det berre dersom ein har hjartesorg?
Is er alltid lov. Med strø og pynt og saus.
Legg inn en kommentar