Det er slike augneblikk då ein innser at ein er vaksen. Eg tenkjer ikkje på då eg innsåg at eg har både hus og bil (og lån). Eg tenkjer heller ikkje på då bestevenninna eg har kjent sidan eg var 16 vart mamma i helga (gratulerar med bebisen!). Ei heller tenkjer eg på dei mange gongane eg har blitt spurt om eg enten er gravid eller skal ha born snart. Sjølv om det hjelper på vaksenkjensla sjølvsagt. Nei, eg tenkjer på dei mange små augeblikka. Som då eg vart invitert på Tupperware-party for første gong. Eller første turen til fotpleiar, eller første gongen eg fekk kjøpa vin utan å visa leg. Jaja, eg får sei som mamma pleide å svara då eg synes at skoa ho kjøpte var litt "kånete": -Ja, men eg er jo ei kona!
Så lenge eg aldri vert heilt vaksen inni meg så er det vel greit;)
1 kommentar:
Eg følte meg voksen for første gang då borna i byggefeltet der eg var barnevakt kalla meg for «dama». Eg trur eg kan ha vore fjorten år. :)
Legg inn en kommentar