onsdag 3. desember 2008

Stormannsgalen

Storesøstero er blitt stormannsgalen. Ho har flytta heimefrå til flott, ny, funksjonell leilighet. Det vart for mykje av det gode for kommunen. Dette kunne ha blitt bygd meir nøkternt, meiner dei. Eg undrar meg om det kunne det? Det vart dusjvegg, og ikkje glasbyggjarstein. Det er ikkje snev av ei flis på badet. Kor mange av oss velgjer eigentleg vinyl på golv og vegger i dag? Golvene i øvrige rom er dekka av golvbelegg - ingen fordyrande parkett i sikte. Leiligheten er lekker den, ikkje misforstå, men eg ser ikkje heilt kvar dei store innstrammingane skulle vore gjort? Kva skal ein gjera med slike utsagn? Vedkommande har ikkje eingong vore og sett bygget. Først vart eg så sint at eg dirra, no er eg berre lei meg. Det er måte på kor mange kampar ein må kjempa.

3 kommentarer:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

Vedkommande lir av Neurosa Economica, og det er ingen som har fortalt vedkomande at vedkomande ikkje lenger er tilsett i Kommunen.
At eigarane (og foreldra) har hatt vore plaga av Gigantomania Residencia, stemmer ikkje.