Har du spelt i korps, bannar du kanskje høgt ved synet av denne overskrifta? Samt sender meg ein ond tanke kvar einaste gong denne deilige marsjen dukkar opp igjen i tankane utover dagen? Men du kan trygt lesa vidare. Eg tenkjer på at det no går mot lysare tider. 21. desember snudde sola. Det kjennes ut som om eg har vore i dvale sidan midten av november. Eg hugsar mine utanlandske kollegaer:
-It's so hard, I don't know how you do it - every year!
Vi veit jo ikkje om noko anna. Det har alltid vore slik. Og våren blir desto herlegare, når dagane blir lengre og lengre og energien sakte kjem tilbake i takt med lyset. Men eg kunne gjerne vore ein bjørn - og hoppa bukk over vinteren, iallefall hausten.
1 kommentar:
Hei!
Eg er Bjørn, og kan forsåvidt hoppa over vinteren, - men hausten, - - nei den vil eg ikkje hoppa over for alt i verdå...
(med unntak av forrige haust, då..- kanskje ;-)
Legg inn en kommentar