I dag tidleg bråvakna eg, svett og uroleg. Det var ikkje snakk om at kroppen ville roa seg igjen. Etter å ha stått opp, kom det til meg litt etter litt kva eg hadde drøymt:
Vi hadde funne det perfekte skapet til stova til søstera. Far min vart sendt avgårde for å kjøpa det. Av ein eller anna grunn (at dette var ein draum og alt kan skje) var eg plutseleg på butikken. Der stod far min å pussa ned heile skapet slik at det vart klarlakka furu! Skrekk og gru! Det er tydeleg at etter å ha vakse opp på 80/90-talet sit angsten for furu djupt i meg. Vidare i marerittet måtte eg kjøra med tilhengar, noko som viser at litt for mange år i korps òg kan setja spor i den djupe underbevissheten.
Eg er fortsatt litt skjelven. Det skulle visst meir til enn ein kopp "Twinings - a moment of calm - camomile, honey & vanilla" for å bøta på angsten for slike scenarioer.
1 kommentar:
kaslags far e da du e oppvaksen hos?
;-) Klem, BIN
Legg inn en kommentar