søndag 31. mai 2009

Skildringar frå ein finfin dag

Eg synes bursdagar blir berre betre og betre med alderen. Dagen starta med kosleg pusekort frå tante E i posten dagen før. På dagen vekte mannen meg med gåvekort på solbriller frå seg. Etter ein dusj stod frukosten klar på terrassen med egg og nysteikte rundstykker. Etterpå fekk eg iskaffi med karamell. Dagen fortsatte med ein liten bytur for å sjå på solbriller med styrke. Det endte med 2 for 1, nye briller i tillegg - heia Specsavers! Deretter blei det snøball med smak av kirsebær og mango (ShaveIce, ein levning frå tidleg 90-tal som kun har overlevd i denne byen trur eg). Vel tilbake i heimen kom kosepelsklumpen innom for å gratulera og halda oss med selskap i sola. Kvelden vart avslutta med grilling og tyrolermusikk (deriblant Es gibt kein bier auf Hawaii!) som avslutning for korpset.

Og enno har eg ikkje teke med alle koslege sms og telefonar frå familie og venner. Den beste av dei alle - niesa på snart 3 som sang Hurra for deg som fyller ditt år og ønskte "Gratulerer med dagen" på klingande nordlandsk. Då blei ei stakkars tante rørt til tårer.

søndag 10. mai 2009

Tilstades

Folk blir stadig flinkare til å unna seg velvære. Ein times massasje, ein ansiktbehandling eller ein dag på spa. Eg undrar meg over kvifor er det blitt så vanleg? Kan det vera at kvardagen har for få pusterom i seg sjølv? Vi skal rekkja over så mykje, og ikkje gå glipp av noko. Det er "in" å ha fulle avtalebøker. Det er uhøyrt å seia nei til noko dersom det mot formodning skulle vera eit lite ope rom i boka. Men kanskje mistar vi noko nettopp fordi vi er redd for å gå glipp av ting?

Prøv følgande øving: Finn fram godputa, godstolen eller godkroken. Skru av TV, mobil, PC og musikk. Sett/legg deg ned og lytt. Ikkje til lydar, men til deg sjølv. Minst 7 minuttar. Blir du rastlaus, er det berre eit teikn på at du treng det meir. Føler du det ikkje nyttar, øv til du får det til. Å vera tilstades i augeblikket er ein gløymt kunst.