Det er det eg er. Eg synes at viktige ting kunne gått litt raskare. At kommunen kunne vore litt mindre vanskeleg. At eg kunne sleppa å jobba meg opp til sjuande far i huset kvar gong eg ber om litt fleksibilitet på vegne av søster mi. Eg kunne ønska at arbeidsgivaren min hadde fått ut fingeren og kome med eit jobbtilbod til meg etter jul. Og at diverse oppussingsprosjekt i huset hadde vore ferdig på eit blunk.
Mindre viktige ting kunne òg gått litt kjappare av og til. Å fyra i peisen til dømes. Eller å kle på seg. Samstundes er det godt at ikkje kvardagen rasar avgårde. At eg kan sjå eittåringen sitte å snurre på rumpa i gongen og fryde seg over det. At eg kan tenne adventslys og kikke ut på det frosne vatnet og snøen på bakken. Å ta på pleddet og drikka Moonsoned Malabar, og undra meg over korleis ein eigentleg skriv Monsooned Malabar.
Når eg berre hugsar på ikkje å vera så utolmodig, men tek meg tid. Visdomsorda for neste år trur eg må bli Ann Kavli sine ord:
Eg veit
ikkje kvar
vi skal
Men eg gler meg
medan vi kjem dit
onsdag 8. desember 2010
onsdag 24. november 2010
torsdag 11. november 2010
Ode til Tiger
Tirsdag sovna pusen inn. Fine, gode Tiger som har følgt meg både før og etter at eg flytta heimefrå. Dei lærde strides om kor gamal han eigentleg vart. Ein stad mellom 14 og 16 år kanskje? Det vil i så fall seie mellom 98 og 112 puseår. Ein respektabel alder, må kunne seiast. Eg hugsar då han var liten og "drukna" i saccosekken. Kun hovudet stakk ut og både han og sekken var grå, så ikkje så lett å få auga på. Mindre gode minner er då han vart lei av å høyre på at eg øva på sangleksa, og fann ut at å klatre opp langs låret mitt var einaste måten å få meg til å slutte på. Eller då pappa klappa i hendene over eit dårleg sportsresultat og Tiger gjekk frå roleg maling på fanget til full alert med alle klør ute på det samme fanget. Han var forøvrig sjølv ein skikkeleg Arne Nordheim på pianoet. Det var ikkje greit å bli gamal. Først sette dei inn ny terrassedør, så ommøblerte dei stova. Til slutt heva dei terrassen, så den nøye porsjonerte strekken for å sei at "hei, eg vil inn" endte opp midt på ruta med påfølgande uelegante landing. Og sist men ikkje minst, så kom det eit tilskot til familien som var totalt uberekneleg. Det er synd at vesle E ikkje får kose med pus hos mormor og morfar lenger. Me kjem til å sakna han alle saman. Ha det fint på dei evige musejaktmarker, Tiger.
mandag 25. oktober 2010
Bli lys!
Vi har fått eit nytt tilskot til familien. Ho heiter Rebecca og er ein taklampe. Riktig så vakker vart ho i stova vår, og gav oss etterlengta lys på mørke haustkveldar. Hausten, eller skal eg sei vinteren, kom brått på i år. Eg tek på meg delar av skulda, sidan eg var ute med spaden for å spa opp nokre blomar i forrige veke. Sjebnen ville det slik at eg måtte avslutte halvvegs. Neste dag var både spade, iris og hagehanskar nedsnødd. På tide å ta hintet.fredag 24. september 2010
Husokkupantar
Lille Petter sine feite fetterar finn vegen inn sprekker og krokar i takt med at gradene kryp nedover gradestokken. Dei spinn sine vakre kreasjonar i vinduskarmar og taklister, og skapar uro og tenners gnidsel hos enkelte bebuarar (utan å nevne navn). Eg likar å tru at det er vi som bestem over kven som får bu i huset vårt, men det ser ikkje ut til å bry dei. Vi har vore ganske aktive på dekapitering av dei som prøver seg, men ingen effekt er observert så langt. Ikkje nyttar det å la eit avdødd eksemplar liggja til skrekk og advarsel heller. Eg må vel etterkvart innsjå at det einaste middelet vi har for å betra dette problemet er mental trening for mor i huset.
mandag 20. september 2010
Skjerpings!


Du lyser ikkje i mørket. Bilen din stoppar ikkje fortare enn andre sine. Du flyt ikkje bedre enn andre. Hovudet ditt er ikkje tjukkare enn andre sitt, iallefall ikkje på utsida.Bruk refleks. Senk farten og hold avstand. Ta på redningsvest. Bruk hjelm. Livet er skjørt, du er dyrebar og nokon er glad i deg. Albert Åberg-tankegong nyttar ikkje når det kjem til sikkerhet.
mandag 6. september 2010
Glamour
Kva er det eigentleg du jobbar med? Ja, sjå det, det er eit godt spørsmål! Det lurar eg i grunn på sjølv inni mellom. Eg får meg liksom aldri til å svara berre Forskning. Det høyrest så glamourøst ut (eg følte til og med at det trengte ein stor F). Forskning og utvikling høyrest kanskje hakket bedre ut, men fortsatt assosierer eg det mest med ei blond frøken på ein kritkvit lab, med rein labfrakk - litt open, så ein skal sjå det moteriktige antrekket under - og flotte klare fargar i reagensrøyra. Eg er ikkje heilt der kjenner eg. Verken eg, lab'en eller labkleda er så veldig kvite. Og i begerglasa er det mest grums og brun gugge. Bøttekjemi, kallar kollegaen min det. Kanskje eg skal byrja å svara det istaden?
fredag 27. august 2010
Puh!
lørdag 21. august 2010
Plutseleg tilbake
Abonner på:
Kommentarer (Atom)