fredag 24. september 2010

Husokkupantar

Lille Petter sine feite fetterar finn vegen inn sprekker og krokar i takt med at gradene kryp nedover gradestokken. Dei spinn sine vakre kreasjonar i vinduskarmar og taklister, og skapar uro og tenners gnidsel hos enkelte bebuarar (utan å nevne navn). Eg likar å tru at det er vi som bestem over kven som får bu i huset vårt, men det ser ikkje ut til å bry dei. Vi har vore ganske aktive på dekapitering av dei som prøver seg, men ingen effekt er observert så langt. Ikkje nyttar det å la eit avdødd eksemplar liggja til skrekk og advarsel heller. Eg må vel etterkvart innsjå at det einaste middelet vi har for å betra dette problemet er mental trening for mor i huset.

mandag 20. september 2010

Skjerpings!


Du lyser ikkje i mørket. Bilen din stoppar ikkje fortare enn andre sine. Du flyt ikkje bedre enn andre. Hovudet ditt er ikkje tjukkare enn andre sitt, iallefall ikkje på utsida.

Bruk refleks. Senk farten og hold avstand. Ta på redningsvest. Bruk hjelm. Livet er skjørt, du er dyrebar og nokon er glad i deg. Albert Åberg-tankegong nyttar ikkje når det kjem til sikkerhet.

mandag 6. september 2010

Glamour

Kva er det eigentleg du jobbar med? Ja, sjå det, det er eit godt spørsmål! Det lurar eg i grunn på sjølv inni mellom. Eg får meg liksom aldri til å svara berre Forskning. Det høyrest så glamourøst ut (eg følte til og med at det trengte ein stor F). Forskning og utvikling høyrest kanskje hakket bedre ut, men fortsatt assosierer eg det mest med ei blond frøken på ein kritkvit lab, med rein labfrakk - litt open, så ein skal sjå det moteriktige antrekket under - og flotte klare fargar i reagensrøyra. Eg er ikkje heilt der kjenner eg. Verken eg, lab'en eller labkleda er så veldig kvite. Og i begerglasa er det mest grums og brun gugge. Bøttekjemi, kallar kollegaen min det. Kanskje eg skal byrja å svara det istaden?