torsdag 11. november 2010

Ode til Tiger

Tirsdag sovna pusen inn. Fine, gode Tiger som har følgt meg både før og etter at eg flytta heimefrå. Dei lærde strides om kor gamal han eigentleg vart. Ein stad mellom 14 og 16 år kanskje? Det vil i så fall seie mellom 98 og 112 puseår. Ein respektabel alder, må kunne seiast. Eg hugsar då han var liten og "drukna" i saccosekken. Kun hovudet stakk ut og både han og sekken var grå, så ikkje så lett å få auga på. Mindre gode minner er då han vart lei av å høyre på at eg øva på sangleksa, og fann ut at å klatre opp langs låret mitt var einaste måten å få meg til å slutte på. Eller då pappa klappa i hendene over eit dårleg sportsresultat og Tiger gjekk frå roleg maling på fanget til full alert med alle klør ute på det samme fanget. Han var forøvrig sjølv ein skikkeleg Arne Nordheim på pianoet. Det var ikkje greit å bli gamal. Først sette dei inn ny terrassedør, så ommøblerte dei stova. Til slutt heva dei terrassen, så den nøye porsjonerte strekken for å sei at "hei, eg vil inn" endte opp midt på ruta med påfølgande uelegante landing. Og sist men ikkje minst, så kom det eit tilskot til familien som var totalt uberekneleg. Det er synd at vesle E ikkje får kose med pus hos mormor og morfar lenger. Me kjem til å sakna han alle saman. Ha det fint på dei evige musejaktmarker, Tiger.

2 kommentarer:

L sa...

Det var ei fin siste helsing til Tiger. Dei evige musejaktmarker, ender alle kattar opp der? Også dei som er for skvetne til å gå på jakt? I så fall håpar eg at vår katt har nokre liv att enno :)

Trittin sa...

Ikkje sikker på om det finnes nokre alternativ til musejaktmarker, men satser på at dei som ender der faktisk liker å jakte;)