lørdag 21. mai 2011

Studenttilværelse

Eg blir ofte overvelda over alt ansvaret ein har som vaksen. Kvardagslogistikk, barn, hus, hage, jobb, økonomi. Lista er lang. Og vaksne er vi. Det må vi vel berre innrømma etterkvart. Men på eit punkt beveger vi oss nedover på vaksenskalaen. Då vi flytta hadde vi med oss eit IKEA-bord til 149 kr. Dette vaklevorne bordet, som ikkje kunne flyttast på uten å falla saman, fungerte på sitt vis som stovebord til det vart for farleg for minstemann. I mangel på alternativ i huset, og med manglande vilje til å betale prisen for eit bord vi verkeleg likte, blei ein trebenk plassert ved sofaen i staden. Trebenken har no erstatta stellebord på badet, og framfor sofaen blei det tomt. Difor velger eg no å setja kaffikoppen frå meg på strykebordet som fortsatt står framme etter 17. mai. Man taver hva man haver. Og det hjelper på vaksenkjensla. Så får det heller vera at vi kosar oss med Twist på laurdagskvelden.

4 kommentarer:

Luna sa...

Haha! Me like:) Eg e og ein av dei som har strykebrettet ståande i ståvo, men meir av latskap enn mangel på møblar egentlig. Fullt ska da vera, og eg prøve stadig å bli kvitt nåke, men ende oftare opp med å sei ja takk, gjerne! til alt som blir overflødig hos andre. God sirkel der altså. Kanskje dåke finne et passande (og gratis) ståvebord dåka kan bomma når dåke kjem sørøve i sommar;)

Heima sa...

Hehe, dette var morosam og beroligande lesning. I tillegg til at eg brukar barkrakkane til klesstativ, har hengt opp gardina på soverommet med hyssing og ikkje eingong strauk noko til 17. mai i år, så har eg også gjort rockeringen til eit møbel i stova. :)

Trittin sa...

Luna: det er heilt i mi ånd! Eg drøymer forresten dagleg om den deilige hagen dykkar no:)

Heima: Rockering er verkeleg å ta det til eit nytt nivå:D

Heima sa...

Det er heller ikkje kva som helst rockering. Den er rosa og veg 1,2 kilo :D