I dag er min siste dag på gamlejobben. I morgon byrjar nye utfordringar ein annan stad. Valget har eg teke heilt sjølv. Likevel kjenner eg det djupt i magen. Hjelp! Korleis kan eg forlata alle dei gode kollegaene mine? Det gode fellesskapet på laben? Med eitt er eg som den vesle jenta ved porten til Skimmeland skule ein vårdag på 80-talet. Håret var møysommeleg fletta dagen før for å bli "kreppa" til den store dagen. Eg visste at ting kom til å endra seg, men eg visste ikkje korleis det skulle bli.
I dag har eg lyst å ropa høgt: Gløym meg ikkje! Men eg lar dei små, blå blomane snakka for meg:
Forglem
meg
ei.
3 kommentarer:
LYKKE TE i måro!!!!!
:)
Håpar det gjekk bra! Og at du ikkje fletta håret i går ;)
Takk for lykkeønskingar!
Heldigvis har motane endra seg, så denne gongen vart det glatt hår.
Legg inn en kommentar