Det er det eg er. Eg synes at viktige ting kunne gått litt raskare. At kommunen kunne vore litt mindre vanskeleg. At eg kunne sleppa å jobba meg opp til sjuande far i huset kvar gong eg ber om litt fleksibilitet på vegne av søster mi. Eg kunne ønska at arbeidsgivaren min hadde fått ut fingeren og kome med eit jobbtilbod til meg etter jul. Og at diverse oppussingsprosjekt i huset hadde vore ferdig på eit blunk.
Mindre viktige ting kunne òg gått litt kjappare av og til. Å fyra i peisen til dømes. Eller å kle på seg. Samstundes er det godt at ikkje kvardagen rasar avgårde. At eg kan sjå eittåringen sitte å snurre på rumpa i gongen og fryde seg over det. At eg kan tenne adventslys og kikke ut på det frosne vatnet og snøen på bakken. Å ta på pleddet og drikka Moonsoned Malabar, og undra meg over korleis ein eigentleg skriv Monsooned Malabar.
Når eg berre hugsar på ikkje å vera så utolmodig, men tek meg tid. Visdomsorda for neste år trur eg må bli Ann Kavli sine ord:
Eg veit
ikkje kvar
vi skal
Men eg gler meg
medan vi kjem dit
2 kommentarer:
ååååå eg kjenne meg sånn igjen! utålmodig på resten av livet og neste skritt, heila tido!
VANSKELIG å vera tilfreds med NÅ....
Eg trykker berre "liker" her eg :)
Legg inn en kommentar