mandag 10. januar 2011
RIP Pedro
Svigerforeldra mine sin nymfeparakitt tok sitt siste sukk ikkje mange dagane inn i 2011. La meg vera ærleg - vi var ikkje særleg gode vener då eg kom inn i familien, Pedro og eg. Noko han gav høglydt beskjed om i mitt nærvær. Det var ikkje sjeldan han måtte "legge seg" midt på dagen etter uvøren atferd. Men det gjekk seg til etterkvart då eg lærte meg å halda den tilmålte avstanden og (gud forby) ikkje sette meg på feil side av kjøkenbordet. Han rakk å bli 26 år - ein respektabel herremann altså. Mannen mimrar om då buret begynte å bli skranglete for om lag 12 år sidan. Dei kunne jo ikkje kjøpe nytt, for fuglen skulle jo ikkje leve så lenge! 12 år og betydelege mengder gaffateip seinare står buret der fortsatt, men Pedro har altså lagt ut på si siste reis. Foreløpig til fryseren - i påvente av mildvèr.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar