lørdag 12. februar 2011

Shopping og champagne

Okei, så vart det ikkje champagne. Men det vart Caffe Mocca, og det har heilt klart like høg kosefaktor.

Vi var litt stressa då vi skulle kome oss avgårde. Midt i sovetida og med vogn og barn på slep. Turen stadfesta den universelle regelen om at barn stort sett oppfører seg bedre enn foreldra trur på førehand. Prinsen kvilte i vogna, medan dei noko overraska foreldra fekk handla klede til seg sjølv. Eg fekk meg ny bukse og cardigan. Far fekk seg det meste, som alltid den eine gongen i halvåret han handlar. Men best av alt, ei ekte spanderbukse frå Moods of Norway med ekstra djupe lommer.

Eg tenker at byen er undervurdert - det er så herleg å vandre rundt frå butikk til butikk og sitte på kafè og kikke på folk ut vindauga. Det vart ein koseleg bytur, og jammen tok ikkje far på seg spanderbuksene og kjøpte nydelege blomar til mor:)

Ingen kommentarer: