Eg tenkjer mykje. I det siste har eg tenkt særleg på ein ting. Kvardagen er mesteparten av livet. Då gjeld det å gjera kvardagen slik at vi trives med den. Kanskje til og med kjenner på lykka innimellom. Korleis gjer ein så det? Eg har ikkje fasiten. Difor er det av og til godt å kjenne at kvardagslykka kjem snikande når eg minst ventar det: Kakebaking på kjøkkenet med Phantom of the Opera på Spotify - og synge med så høgt at eg blir flau. Så har eg iallefall vore innom i dag.
1 kommentar:
Du har rett. Annankvar måndag finn eg kvardagslykke hjå ei gammal dame som eg besøker. Eg angrar at eg meldte meg til denne besøkstenesta kvar gong eg syklar gjennom byen i motvind. Men så opnar ho døra og kan nesten ikkje venta med å klemma meg og servera kaffi og historiar, julekaker frå frysen og marsipankake som ho har teke bussen etter, berre for mi skuld. Kvardagslukke kan vera så mykje :) Takk for at du minner meg på det!
Legg inn en kommentar