fredag 19. juni 2009

Himmelsk lapskaus













Eg har gjenoppdaga ein gamal slager frå bedehusland. Is med peanøtter og non-stop. Mmmmmmmmmmmmmmmmmmmmm!

torsdag 18. juni 2009

"Lille" Petter Edderkopp

Nei, han har vi ikkje sett. Hans mange store, feite fetterar derimot; dei tek stadig turen innom. Aller best likar dei å sitja i døropninga på terrassedøra og klaska ned i hovudet på oss når vi opnar. Min heller tyngre nevrose på dette området får iallefall stadig utfordring. Det er nok sunt. Tenk om eg kunne fått noko av den barnlege fryktlausa til niesa vår. Ho oppdaga lille Petter i gongen på hytta. Og han skulle ikkje "følgjast ut" slik omtenksomme svigerinna diplomatisk foreslo. Han skulle nemleg få kome inn på soverommet til tante og onkel! Vel, siden tante ikkje var heilt gira på den ideen, måtte Petter fint leiast ut. Ellers hadde det nok ikkje blitt mykje søvn den natta.

søndag 31. mai 2009

Skildringar frå ein finfin dag

Eg synes bursdagar blir berre betre og betre med alderen. Dagen starta med kosleg pusekort frå tante E i posten dagen før. På dagen vekte mannen meg med gåvekort på solbriller frå seg. Etter ein dusj stod frukosten klar på terrassen med egg og nysteikte rundstykker. Etterpå fekk eg iskaffi med karamell. Dagen fortsatte med ein liten bytur for å sjå på solbriller med styrke. Det endte med 2 for 1, nye briller i tillegg - heia Specsavers! Deretter blei det snøball med smak av kirsebær og mango (ShaveIce, ein levning frå tidleg 90-tal som kun har overlevd i denne byen trur eg). Vel tilbake i heimen kom kosepelsklumpen innom for å gratulera og halda oss med selskap i sola. Kvelden vart avslutta med grilling og tyrolermusikk (deriblant Es gibt kein bier auf Hawaii!) som avslutning for korpset.

Og enno har eg ikkje teke med alle koslege sms og telefonar frå familie og venner. Den beste av dei alle - niesa på snart 3 som sang Hurra for deg som fyller ditt år og ønskte "Gratulerer med dagen" på klingande nordlandsk. Då blei ei stakkars tante rørt til tårer.

søndag 10. mai 2009

Tilstades

Folk blir stadig flinkare til å unna seg velvære. Ein times massasje, ein ansiktbehandling eller ein dag på spa. Eg undrar meg over kvifor er det blitt så vanleg? Kan det vera at kvardagen har for få pusterom i seg sjølv? Vi skal rekkja over så mykje, og ikkje gå glipp av noko. Det er "in" å ha fulle avtalebøker. Det er uhøyrt å seia nei til noko dersom det mot formodning skulle vera eit lite ope rom i boka. Men kanskje mistar vi noko nettopp fordi vi er redd for å gå glipp av ting?

Prøv følgande øving: Finn fram godputa, godstolen eller godkroken. Skru av TV, mobil, PC og musikk. Sett/legg deg ned og lytt. Ikkje til lydar, men til deg sjølv. Minst 7 minuttar. Blir du rastlaus, er det berre eit teikn på at du treng det meir. Føler du det ikkje nyttar, øv til du får det til. Å vera tilstades i augeblikket er ein gløymt kunst.

torsdag 30. april 2009

hElg!

Så sliten, så sliten. Å stå opp har berre blitt tyngre og tyngre utover veka. Eg tek difor imot 1. mai med opne armar. Ikkje skal eg ut på marsjering heller. Første fullstendig fri 1. mai på 6-7 år. Det skal bli så herleg. Eg har bestilt sol og sommar, så eg kan få litt sol på skrotten. Så skal eg gå tur og kikke på alle dei nyankomne ulldottane. Og om eg er riktig heldig, kjem ein annan selskapsjuk "pelsdott" på besøk på terrassen.

søndag 29. mars 2009

Draumetyding

I dag tidleg bråvakna eg, svett og uroleg. Det var ikkje snakk om at kroppen ville roa seg igjen. Etter å ha stått opp, kom det til meg litt etter litt kva eg hadde drøymt:
Vi hadde funne det perfekte skapet til stova til søstera. Far min vart sendt avgårde for å kjøpa det. Av ein eller anna grunn (at dette var ein draum og alt kan skje) var eg plutseleg på butikken. Der stod far min å pussa ned heile skapet slik at det vart klarlakka furu! Skrekk og gru! Det er tydeleg at etter å ha vakse opp på 80/90-talet sit angsten for furu djupt i meg. Vidare i marerittet måtte eg kjøra med tilhengar, noko som viser at litt for mange år i korps òg kan setja spor i den djupe underbevissheten.

Eg er fortsatt litt skjelven. Det skulle visst meir til enn ein kopp "Twinings - a moment of calm - camomile, honey & vanilla" for å bøta på angsten for slike scenarioer.

torsdag 19. mars 2009

Impulskontroll?

Nokre dagar er ein meir stolt av handlekorga si enn andre. I dag gjekk eg på butikken skrubbsvolten. Det eine og det andre berre datt ned i korga. Det å ha to ferdiglaga fleskepannekaker til middag føltes med eitt veldig naturleg. Toffypops? Ja, ein skal jo belønna seg sjølv - god ide! Sånn for å pynta litt på saken, havna det ein melkekartong og ein klase druer oppi òg.
På slike handleturar er det litt godt å kome til kassen og havne bak nokon som ikkje har eit snev av grønt eller grovt i korga. Loff, øl, cider, chips og nugatti. For alt eg veit er dette den eine dagen i året denne personen handlar dette, men det hjelper litt trass alt.

lørdag 7. mars 2009

Vår tralala vår

Tidlegare i veka kom eg heim til dette synet. Frå Nord-Norge og store mengder snø til tørre vegar, sol og blå himmel her heime. Og desse fantastiske vårteikna spredt rundt i hagen!

tirsdag 3. mars 2009

Tilbake i forretningen

Dei seier at det som kjem raskt, det går raskt igjen. Det er eg eit levande bevis på. Eitt lite tilbakefall og ei restitusjonshelg hos mor var det som måtte til før eg sakte men sikkert var tilbake til kvardagen.

onsdag 11. februar 2009

Akutt humbug

Då eg skulle bøya meg etter handkledet etter eg var ferdigdusja i går morges, kjente eg at her er ikkje alt som det skal vera. Kom meg inn på soverommet og sengekanten, men måtte ha hjelp til å få sokkar og bukse på. Ringte legen og fekk diagnose akutt lumbago og to veker sjukemelding over telefon. Og beskjed om at eg ikkje kunne ta anna smertestillande enn Paracet. Dagen gjekk nokonlunde greit med unntak av at alt som datt på golvet måtte forbli der eller vente til Y var i nærleiken. I dag er det betrakteleg betre - dog seier det mest om gårsdagen. Eg ser framleis ut som ei dame på 90 år når eg stavrar meg ut for å gå 50 m og tilbake. Men eg set meir pris på små seierar i kvardagen. Å få på seg sokkane på eigen hand. Å løfte opp toalettlokket- eventuelt at Y gløymer å lukke det, så eg slepp å løfte det. Å komme seg heilt ned til postkassen og opp igjen åleine. I morgon er det ny dag og nye bragder som skal oppnåast.

fredag 16. januar 2009

Då er vi i gong

Vi har tenkt å gjera vår del for å motvirka finanskrisa. Den neste månaden skal vi difor sponsa både snekker, murar, rørleggjar og elektrikar med relativt store summar. I går rydda vi ut av gongen, og då kom den gode kjensla av å vera i gong. Mandag går endeleg startskot med demontering og riving på badet. Om ein månad og to har vi etter planen eit nytt, herleg, flislagt bad.

onsdag 7. januar 2009

Visdom for 2009

Hvis du har en fortid som plager og besværer deg,
så glem den.
Tenkt deg en ny historie for ditt liv,
og tro på den.

Konsentrer deg bare om de stundene
da du oppnådde det du vil
- og denne kraften vil hjelpe deg
til å oppnå det du vil.

Paulo Coelho



Bedre og bedre dag for dag

Har du spelt i korps, bannar du kanskje høgt ved synet av denne overskrifta? Samt sender meg ein ond tanke kvar einaste gong denne deilige marsjen dukkar opp igjen i tankane utover dagen? Men du kan trygt lesa vidare. Eg tenkjer på at det no går mot lysare tider. 21. desember snudde sola. Det kjennes ut som om eg har vore i dvale sidan midten av november. Eg hugsar mine utanlandske kollegaer:
-It's so hard, I don't know how you do it - every year!
Vi veit jo ikkje om noko anna. Det har alltid vore slik. Og våren blir desto herlegare, når dagane blir lengre og lengre og energien sakte kjem tilbake i takt med lyset. Men eg kunne gjerne vore ein bjørn - og hoppa bukk over vinteren, iallefall hausten.